Ein eldre mann med framskriden demens kjem seg på uforklarleg vis ut og bort frå sjukeheimen der han bur. Han har mista språket, men den gamle krinsmeisteren i spydkast er enno fysisk sprek, og slik lett på foten.
Lesaren får følgja han på rømmen – om det er på rømmen han er. Kanskje han heller er på leit etter noko han har mista? Noko han berre kan minnast gjennom små flenger i hukommelsen?
«Forfattaren fangar lesaren inn frå første side.»
Pål H. Djuve
I 1975, for nøyaktig 50 år sidan, debuterte Per Jan Ingebrigtsen med samlinga Rotbløyte, som var samansett av fleire ulike sjangrar.
Sidan har forfattaren gjeve ut barnebøker, romanar, diktsamlingar, skodespel, høyrespel, læreverk – og no, noveller. Ingebrigtsen har vore med i meir enn tjue antologiar og hatt songtekstar på mange plater.