Målfrid J. Frahm Jensen (f. 19. mai 1963) debuterte med Spor i menneskeland i 2001, og har sidan gjeve ut seks diktsamlingar, ein kunst- og fødselsdagskalender og ei notatbok med dikt. Ho har i tillegg vore redaktør for opplysningshefte innan psykisk helse, og medforfattar i fleire fagbøker. Innestengd er hennar sjuande diktsamling.
Format:13 x 20
Innbinding:Heftet
ISBN:9788293641247
Lyrikk
| 5. april 2018
kr 249.00
Produktinformasjon
Forlegger: Forlagshuset Commentum
Publiseringsdato: 1. februar 2018
Dimensjoner: 13 x 20
Bokbeskrivelse
sit for faen ikkje der og glo!
skrik eg til månen
eg glor ikkje
kviskrar han mild
eg skin
Dette sitatet seier noko om heile denne diktsamlinga til Målfrid J. Frahm Jensen. Dette at ho gir sterke utløp for det ubehagelege, dette innestengde som tittelen viser til, frustrasjonar som så mange av oss kan slite med. Og samstundes viser desse linjene hennar evne til å gripe overraskande kontrastar og gje finstemte utrykk for det som er stille og ordlaust. Mange vil kunna kjenna seg att, ja rett og slett kjenna seg sett av desse små dikta.
- Helge Torvund, lyrikar
***
Dikta er både oppmerksame og finstemte, korthugne og kraftfulle.
- Ingrid Nielsen, lyrikar